Vil først få takke for eit flott forum! Her har eg fått lære mykje om alt frå klokker til designmøblar og vin. Og eg vert støtt overraska over kor god kunnskap medlemmene har.
Og så vil eg audmjukt få be om nokre råd når det gjeld mitt neste -- første --store kjøp. Men først, full openheit: Debuten er også eit ledd i ein langsiktig plan om å auke postcounten min, slik at eg seinare kan ha moglegheit til å delta i @krilles legendariske passaround.
Når er sagt, så kan eg gå nærare inn på det overskrifta kanskje har avslørt;
Eg skal gjere mitt første store klokkekjøp. Etter å ha starta med ymse Casio-quartz, og gått opp Seiko-stigen frå SKX009, hamna eg til slutt opp med ein 3539.50.00, Omega Speedmaster Reduced. Eg likte alt ved denne veldig godt, men det var ikkje Rolex.
Denne vart difor solgt i tidleg pandemitid, til fordel for det eg trudde skulle bli ein brukt Rolex. Men pandemien hadde ein heilt annan effekt på klokkeprisane enn eg hadde sett for meg, og det viste seg også å vere ein negativ korrelasjon mellom klokkeprisane og mi klokkeinteresse. På toppen av dette kom eit leilegheitskjøp med eigenkapitalkrav som tok livet av klokkekontoen, og med det interessa.
Spol fram til i dag, og klokkeinteressa har henta seg inn igjen etter nokre labre år. Eg er oftare inne på TS enn nokon gong, samtidig som klokkekontoen har oppstått frå dei daude. Så då er spørsmålet, kva gjer eg no?
Eg har i alle år visst at eg skal ha ein Explorer 1 i 36 mm. Dei tre siste åra har eg tatt ein mastergrad ved siden av jobb, noko som tidvis har vore svært krevjande, og eg tenker dimed at å oppfylle Explorer-draumen ved levering av masteroppgåva er krona(vink, vink) på verket.
Det ideele ville sjølvsagt ha vore å gå ned til Bjerke og hente ut ein splitter ny ein, men det ser eg no på som svært, svært usannsynlig utan kjøpshistorikk. Eg har kommunisert med dei på mail og vore innom der ein fire, fem gonger. Eg har blitt behandla svært godt kvar gong, noko som vidare har fyrt opp under klokkeinteressa. Eg har mellom anna fått prøve mykje Tudor, Longines og Breitling(!) så det har vore heilt topp! Men ingen av desse er ein Explorer 1, og kvar gong eg har vore innom har eg fått beskjed om at venteliste ikkje er mogleg, utan tidlegare kjøp. Så kva gjer eg no?
Graden avsluttes i november, så eg har litt tid på å bestemme meg. Klokka skal eg ha resten av livet og sidan det markerer noko er den symbolske verdien tung, tenker eg. Som den observante kanskje har fått med seg er det diameter < 40 mm som gjeld for meg, så det begrensar jo mogelegheitene.
Eg har slik eg ser det fire openbare val:
1. Kjøpe birthyear Explorer 14270 Blackout/x-/n-series(1991)
- Er det mogleg å få tak i?
- Er prisgjennomsnittet på Chrono24 representativt?
2. Kjøpe BB58 først, for å på sikt håpe på Explorer
- Starte eit kundeforhold hos Bjerke er nyttig for åra som kjem
- Ein modell eg har tenkt mykje på tidlegare, men som forsvann litt for meg når eg såg at det Rolex var innan rekkevidde
- Får opplevinga av å kjøpe og eige ei splitter ny klokke
- Må utsette Explorer-kjøp ei god stund
3. Kjøpe 114270
- Mogleg å få tak på, virker det som
- Eit steg ned frå 124270, men rimelegare, så då sit ein att med differeansen som er ein god start på ei ny dressklokke
4. Kjøpe 124270 grått
- Ser at desse har gått for rundt 100 000 i det siste, så det er eit steg opp
- Har egentlig ikkje lyst til å kjøpe ny/brukt i gråmarknaden
Så, kva bør eg gå for? Er det andre moglgheiter eg har oversett? Er eg kanskje bare forfengeleg som legg så mykje i dette?
Alle tips og råd tas i mot med takk