For å kompensere for konevennlige høyttalere til heimekinoen, så vart det kjøpt inn ein sub i går.
Då forhandlaren var tom for signalkabel over 5m til sub, så plukka eg opp kabel hos ein annan forhandlar på veg heim (selgar viste seg å være medlem på sonen
)
Kabelen var splittet frå 1->2. Dette medfører at signalet som går inn på sub går gjennom filteret.
Forsterkaren har eigen utgang for sub, og eg meinar signalet er ferdig filtrert før det går til sub.
Spørsmålet vert då: Dersom eg hadde brukt 1-1 kabel, og då kopla forbi filteret på subben - vil det då verte betre signal (og lettare for forsterkaren ved kalibrering)?
Er ganske fersk på dette, og har ikkje hatt anledning til å lese meg opp enda.