Kemmner Tonneau

bep

Medlem
18. okt. 2012
Innlegg
50
Den smarte lesar, som les kjøp-og-salg fire gonger om dagen, har nok lagt to og to i hop og fått fire:

Eg kjøpte denne klokka av eit hyggeleg TS-medlem for 28 timar sidan, og etter å ha fått bytta til originalreima (den svarte), så har ho vore på armen sidan. Dette er vel ei klassisk dressklokke, men det har eg til no i alle fall gitt ein blanke F i.

Dette er noko av det vakrare eg har sett på klokkefronten, og med den låge prisen er Kemmner av dei beste røvarkjøpa i mine auge (ser han stadig legg ut ting på Ebay-butikken sin). Eg jobbar dei fleste timane mine ved eit tastatur, og eit par gonger i dag stogga eg opp eit halvt minutt for å sjå på klokka, og det er eit godt teikn (eg visste jo tida, den stod på PCen).

Ho sakka 7-8 sekundar det første døgeret, eg skulle ynskje det gjekk andre vegen (lettare å stille). No kan det hende dette endrar seg (men det skal vel godt gjerast å gå andre vegen), men det bryr eg meg lite om så lenge eg greier å halde den innanfor minuttet.

Nokre bilete tekne i dårleg lys, på kontorpulten min. Eg kjenner at denne klokka fortener ein betre fotoserie, men det får kome seinare.

Urskiva har eit blåsvart skimmer, som er svært vakkert - men tydeleg svært vanskeleg å fange med fotolinsa.

kemmner-tonneau-0060.jpg

kemmner-tonneau-0063.jpg

kemmner-tonneau-0083.jpg

kemmner-tonneau-0097.jpg

kemmner-tonneau-0099.jpg

kemmner-tonneau-0106.jpg
 
Flotte bilder av en flott klokke! Gratulerer. :)
 
Redigert:
Gratulerer med flott klokke!
Kemmner er et spennende merke, og jeg hadde en stund en kemmner marine. Dessverre fikk jeg utslett av klokken (?!?!).
Dog liker jeg designet på mange av urene, og skulle ønske jeg kunne hatt opptil flere av klokkene derfra - det er jo finfine hverdagsklokker :)

Ps. Super bilder!
 
Jeg tolker, utifra det du har skrevet, at du har fått deg ett nytt ur. (Nynorsk er "desverre" ikke min sterkeste side, takket være fritak på VGS). Gratulerer så meget! :)
 
Gratulerer så masse!
Sukk. Et bevis på at jeg må se å handle raskere. Snoka lenge på den, ser du...