Eg har stor glede av å lese andres galleritrådar her, så eg tenkte å bidra med min eigen.
Har alltid likt å gå med klokke, men ikkje hatt noko forhold til hverken urverk eller produsent.
Mi interesse starta når eg bytta ei Frederique Constant quartz-klokke i ein modifisert mekanisk Seiko SNK809 med ein kollega. Quartzklokka hadde eg impulskjøpt på eit fly ut frå Schiphol i tung alkoholrus, og gått lei av nokon år før vi gjorde denne byttehandelen.
Ombord i samme båt var eit medlem her inne også ansatt, og at eg fekk prøve både Seadweller og Omega Seamaster electric blue på handleddet gjorde at interessa vaks meir og meir.
Her kjem ein presentasjon av mi rimelige samling, frå først til sist:
Frederique Constant classic business timer FC-270EM4P5 *SOLGT*
Satte ikkje pris på nokon av komplikasjonane på den tida. Idag hadde det vore ei svært morsom klokke å ha liggande, men akk.
Seiko SKA673P1 Kinetic *SOLGT*
Kinetisk Seiko som eg kjøpte fordi sekundvisaren på Fossil-klokka mi løsna, og eg var vel litt lei av den uansett. Solgt i desember 2016.
Seiko SNK809 *SOLGT*
Modifisert av min kollega som eg bytta den til meg frå. Safirkrystall med blå AR-coating, nye visarar og ein bundstrap. Kjempeflott klokke som eg sikkert kjøpar igjen om eg får ein son.
Yema Sous Marine
Min oldefars. Garantert ein keeper, og den får definitivt armtid.
Seiko SRP309J1 “Orange Monster” *SOLGT*
Den første mekaniske klokka eg kjøpte ny. Virkelig bølletøff klokke med superbehagelig lenke. Seier gang på gang at eg skal selge den, men har utsatt det lenge no.
Certina Waterking - 1964
Min fars aller første klokke. Sjølvsagt ein evig keeper og virkelig ei flott klokke etter å ha fått full service, polering og nytt pleksiglas. Fin og spesiell nok til å gi vidare til mine barn. Har fått tak i ei Certina-reim med signert spenne som erstattar fleksireima.
Seiko SSA003J1 *SOLGT*
Denne kom til meg i ein byttehandel med SNK809. Den opprinnelege eigaren savna den veldig, og eg hadde ikkje noko imot å prøve ei ny klokke. Veldig stilig klokke med 24-t subdial og sliderule bezel. Modifisert med safirkrystall med blå AR-coating og sverdvisarar.
Casio CA-53W
Digitalt quartz-alibi. Kjempekul nygammal klokke som kanskje er den einaste som får eit kompliment no og då.
Seiko SKX009J
Kven har ikkje hatt ein slik eller ein 007? Svært få om ein skal tru på internettet. Ikkje veit eg, men eg likar den svært godt, og har enda til kjøpt jubileelenke til den sidan den har levd på svart natoreim sidan eg pakka den ut! Har også overraskande mykje glede av bezelringen til alt frå eggkoking til snorkling via å ta tida på kjerringa når det dreg ut i tid.
Seiko Synchrotimer 7A28-703B
Artig vintage-funn som eg har skreve ein egen tråd om. 7A28 er verdas første analoge quartzverk, og var ein milepæl for Seiko når dei utvikla det. Om urmakar får den til å gå igjen skal den bli flittig brukt som den tross alt bør.
Seiko SARB065
Denne klokka har eg hatt lyst på lenge! Den dekker eit bruksområde som dei andre ikkje har gjort, og eg skulle klart meg lenge med berre denne og SKX'en av dei nye klokkene.
Kvar går vegen vidare?
Eg les innimellom om folk som går i "Seiko-fella" og kjøper ein haug med forholdsvis billege klokker og aldri får råd til å ta steget opp i neste prisklasse. Det har vel eg også gjort til ein viss grad, men no skal det konsoliderast litt og sparast ein del. Neste kjøp tenker eg vert ein Seiko Marinemaster 300 eller Omega Seamaster Electric Blue, men med eit barn på veg og huskjøp i nær framtid kan det fort ta ei god stund.
Håpar nokon hadde glede av presentasjonen av samlinga!
- Erling

Redigert: