Klokkeentusiast i startgropa her. Postar eit bilete av boksen slik den ser ut i dag. Går svanger med oppgraderingsplanar, og har lest ivrig på forumet her dei siste månadane. Tenkte at no var tida inne for å registrere meg som brukar.
Som mange før meg, vart eg forført av horologien etter å ha arva mitt fyrste automatiske ur, ein Omega Constellation frå 1964, som oldefar fekk for sin innsats der han jobba. Det førte til at eg etter kvart oppgraderte kvartsuret eg brukte til daglig, til ein Tag Heuer Aquaracer 500m kronograf. Sikla eigentleg på Omega Seamaster Planet Ocean, men det var over mitt budsjett den gongen. For eitpar år sidan fekk eg ein jobb der kleskoden tilsa at eit stort dykkerur ikkje alltid passa seg på handleddet, så eg kjøpte ein Frederique Constant Classic Index som får plass under skjortemansjetten.
Men så byrjar ein jo å lese litt på nett, sjå på YouTube, osv, og oppgraderingstrongen har vorte meir og meir påtrengande
Så i sommar skal det handlast litt Satsar på ein ny duo som kan erstatte Aquaraceren og FC-uret, og har eit totalbudsjett på ca 150.000kr. Heller veldig mot ein Omega Seamaster til fritid, samt dei arbeidsdagane eg er "ute i felt", og ein JLC Master av eit slag til bruk når skjorta er på. Men har også veldig stor sans for Zenith. Og så har vi jo Daytona...
Pen-uret i duoen vil eg at skal vere nøkternt, og ikkje flashy på nokon måte, men utstråle kvalitet og stil. Sportsuret må tole ein støyt, og gjerne gjere litt meir utav seg, utan at det blir "bling"
Bur litt usentralt til på Sunnmøre, så vert nok å ta ein runde hjå urmakarane i hovudstaden når eg skal dit om nokre veker. Er litt skeptisk til å kjøpe brukt, sidan eg ikkje er så dreven i faget, og pga staden eg bur på, har eg begrensa moglegheit til å få sett på eit evt bruktobjekt før kjøp.
Takk for titten!