Treng ikkje stille datoen lengre

Medlem
10. aug. 2011
Innlegg
812
Sted
Bergen
Har nett vore på tur og fått litt sol og varme på kroppen.
Bra utvalg i klokker og tilbehør i Meloneras på Gran Canaria. Mange merker som har AD der.

Hadde store planar om å komme heim med ny klokke, men det vart satt på hold.
Fann derimot noko anna som frista.
Tok ein kjapp sjekk med TS medlem som har erfaring med produsenten - og han var godt nøgd (takk for rask tilbakemelding @Ulven).

Bilda er tatt fort og gale med telefon, men fotografen har nok største skulda for at dei vart som dei vart.

Det første som vart pakka ut etter ferieturen.
2013-02-02215038_zps862e0715.jpg


Eska og polstringa vart for stor til kofferten, så den vart lagt att på hotellrommet. Her er det rett på innerposen.
2013-02-02215104_zps3cd09cd3.jpg


Litt plast.
2013-02-02215123_zps8ffd798c.jpg


Trekkar for 3 klokker frå Designhutte.
2013-02-02215156_zps971a87a1.jpg


3 av mine kjære på plass.
2013-02-02221715_zps0f5d940c.jpg


Skuff med plass til fire ekstra klokker.
2013-02-02221727_zpsc21b7d6d.jpg


Kvaliteten verkar bra, og den går tilnærma lydlaust medan den snurrar og kosar seg.

Takk for kikken:)
 
Redigert av en moderator: