Hei folkens! Eg trenger litt bistand frå nokon med praktisk erfaring med gassgrill.
Eg har svalgt ein relativt stor kamel og kjøpt meg gassgrill! Til tross for at eg i alle år har storkosa meg med ein weber kullgrill - og hevda at alle som griller med gass har suspekte legninger! Men med huset fult av små unger, har både tida eg har til matlaging, og typen mat vi eter - endra seg. Vi har det travelt og ungane liker grillribber, pølser og denslags mat. Weberen er konge til skikkelig grillmat, men det krever tid og planlegging.
For å finne ut om det alle hevder er tilfelle, at det er betydelig meir lettvint og kjapt med gass - måtte eg prøve.
Eg kjøpte ein Falcon phoenix s42, med 4 brennere, bakbrenner og searstation.
Eg DIGGER searststion! I går sous vida eg ein entrecôte og ein mørbrad som eg avslutta på den. Vi hylte begge to, når eg la biffen på grillrista - biffen av smerte, eg av begeistring!
I dag var det meir standard grilling, koteletter, ein liten ytrefilet og pølser. Eg fyrte opp 2 av brennerene og sette dei på maks, ned med lokket og venta i ca 10 minutter før eg begynte. Skulle grille på direkte varme først og deretter på indirekte varme til dei var ferdige.
Men eg vart negativt overraska over kor lite guff det var i den delen av grillen med direkte varme, til tross for at brennerane sto på fult. Eg fekk ikkje skikkelig steikeskorpe og enda opp med å bruke searstation for å få ting i gang.
Eg trur ikkje det er noko galt med effekten i grillen, då den når 300 grader på 10-15 minutter, med alle hovedbrennerane på.
Men det var ein litt vind i dag, er gassgriller veldig ømfintlig for vind? Eller er generelt effekten i gassgriller for lav til å få skikkelig steikeskorpe? I denne grillen er det skikkelige rister i støpejern og eg hadde forventa ein skikkelig sear - men den fekk eg først når eg brukte searstation.
Min referanse er riktig nok kullgrillen min, og på slik grilling er vanligvis den delen av grillen med direkte varme, so varm at eg uten problemer smelter ondskapens ringer - og det som verre er.
Gjere eg noko feil? Har eg urealistiske forventinger? Møkkagrill?
Eg løyser jo problemet med å bruke searstation til bruning og hovedgrillen til indirekte grilling. Men eg trudde/forventa at det skulle vere mogleg å "grille" på direkte varme på ein gassgrill.