Kjøpte for ei tid sidan ein ExpII av JoLu her på forumet. Den klokka som låg som reklamebanner for norgesnatoen.
Veldig nøgd med klokka!
Hadde henne inne på full service hjå Lervik Ur tidleg haust 2013. På lappen ut frå service stod det ein masse tal eg ikkje skjønte heilt, men urmakaren hadde notert med kulepenn nederst "As good as it gets!".
Tenkte å teste litt for eg såg at klokka gjekk veldig beint. Stilte etter NRK text-TV 1. desember. Klokka har vore på armen etter det, dag og natt, med unntak av nokre (?) timar i veka der eg har brukt Garmin 910XT til trening og konkurransar. Klokka har då ligge i tilfeldig stilling i skuff.
Sjekka i går 1. mai (jo eg har jo gløtta litt innimallom) igjen etter txttv:
151 døger og +35 sekund! Det blir om lag +0,231789 sek over 5 månader. Slå den!