Etter å ha spara i nokre månader, nådde endeleg klokkekontoen ønska nivå rundt påsketider. Men for ein sunnmøring er det ikkje berre å ta ein kjapp tur innom AD, så det vart endå litt venting. I dag var imidlertid dagen komen, og sommarklokka 2019 kunne hentast heim.