Eg såg Railmaster for nokre dagar sidan og sa: Dette er klokka eg skal ha!
Men så finn eg ut at klokka er ute av produksjon og svært sjeldan på bruktmarknaden. Wtf. Seamaster AT liknar, men (manglar romerske tal etc.) ... Kva Omega sine marknadsfolk tenkjer med (røvi?) når dei brandar alle klokkene sine med same modellnamnet, ja, beats me. Særleg intelligent er det ikkje.
"Kva klokke har du, då?"
"Eg har ein Omega Seamaster."
Javel.
Til slutt ei melding til de som sit med ei Railmaster i skåpet: Klokka er ikkje særleg fin, og marknaden for å selje ho no er perfekt, så legg ho ut her på "Kjøp og salg".