Hei!
Eg hadde aldri trudd at dette kom til å skje meg, men etter eg kjøpte ei SNK809 for ein slikk og ingenting på Amazon, har eg fortapt meg heilt i den automatiske delen av Seiko-universet. At ei mekanisk klokke til under tusenlappen ($55) kan vere så nøyaktig (ca. +/- 3 sek/døgn) framstår for meg som rein magi.
Som så mange andre tenkjer eg no at neste innkjøp må bli klassiske SKX009 (ja, den med Pepsi-fargane), men eg klør meg i hovudet over kvar. Creation Watches og Jomashop får så mykje drit på nettet at eg ikkje heilt tør handle hos dei, sjølv om prisane er uslåelege. På Watchuseek anbefaler mange Long Island Watches, som er litt dyrare – er det nokon som har noko erfaring med dei? Og her i Norge har vi eit utal nettbutikkar eg synst det er vanskeleg å vurdere truverdet til – Watchia, Klokkekongen (?), Urverket, osv. Klokkegiganten.no har den til rett under 3000 kr, men er dei pålitelege eller meir som ein slags norsk CW? Da eg kjøpte ei billig seikoklokke hos dei tidlegare, fekk eg ikkje utfylt garantikort – det gir meg ikkje akkurat inntrykk av at dei faktisk er autorisert forhandlar... Og i den seriøse delen av spekteret vil Christensen i Stortingsgt. ha småfrekke 4500 kr for ei klokke som kostar 1600 kr på nettet!
Så alle saman, kva vil de anbefale? Det gjer meg ingenting å handle på grey market så lenge det er ein aktør som er kjent for å selje ekte vare. Men korleis kan ein vite det?