Leiker litt med tanken på å skaffe meg ei litt finsleg klokke, til ikkje alt for mange lappar, helst med automatisk drivverk.
No har eg sett litt på m.a. Tissot og Certina, og har då funne ut at spesielt Tissot har kome med ein heil del automatiske modellar, med kronometer-sertifisering. Dette visst nok på grunn av eit nytt, særleg presist drivverk frå Tissot - Powermatic 80. Eit kronometer til under 10 lappar hadde jo kanskje vore noko (?)
Eigentleg fell Certina litt meir inn i min smak. Dei har og fått seg eit kronometer i DS-1-serien, som òg er basert på same drivverket frå Tissot.
Denne, DS-1, Powermatic 80 skulle vel stort sett vere same klokka, men utan kronometer-sertifisering. Er det nokon grunn til å tru at denne står særleg tilbake i presisjon av den grunn?
Når det gjeld klokker som iallfall ligg i nokre-tusenlappar-klassen, er det ikkje grunn til å tru at dette med kronometer-sertifisering berre er brukt som eit salsgimmik, fordi me som kjøparar er villige til å betale ein del meir for denne attesten, fordi det blir litt kuriøst, og litt av eigen forfengelegheit?
Eller får eg eit meir presist ur om eg spyttar i dei ekstra lappane?