Hei.
Har bestemt meg for å kjøpe mi første mekaniske klokke, og har brukt dei siste vekene på å sjå meg rundt, orientere meg, og liknande. Veldig mykje er fint, eg har funne mange stilar som fell i smak.
For nokre dagar sidan var eg hos ein urmakar og prøvde litt forskjellige klokker, og ein ting vart klart, nemlig at handleddet mitt ikkje kler dei større klokkene. Dermed har eg bestemt meg for at eg vil ha ei klokke som er 38mm eller mindre i diameter, og generelt ikkje av dei mest bulky.
Klokka eg er ute etter må helst vere ein god allrounder. Eg ser føre meg at den gjerne må kome med metallenke (til daglig bruk), men at den kler skinnreimer for variasjonen (og dressen) sin del.
Spør om hjelp då det ikkje er berre-berre å orientere seg i klokkemarkedet, spesielt når dei fleste "posterboy"-klokkene er ein del større enn 38mm. Budsjettet mitt er definitivt entry-level, rundt 2-3000kr.