Dersom du skal gå viare på skule så velg ingeniør og ikkje teknisk fagskule.
Eg har fagbrev automatiker, tatt forkurs og automasjonsingeniør etterpå.
Mange i klassen min på høgskulen (10+) som hadde teknisk fagskule, men måtte ta ingeniør i tillegg for å få jobb.
Var litt vanskligare å få jobb med kun TF i 2003.
Angrer ikkje eit sekund på at eg tok fagbrev og jobba læretida mi i Aker. Kan anbefale Aker, dei har bra opplegg for lærlingar + at du sikkert får anledning til å reise offshore (me fekk da).
Fortsatte å jobbe i Aker under videre utdannelse (reise offshore jul, påske og sommar etc under studiene).
Etter ferdig som automasjonsingeniør (2006) så kunne ein velge jobb. Søkte på 3 stk - fekk 4 tilbud (dei som kom med tilbod sa det var pga erfaring og fagbrev). Eg er ikkje nokon superstudent.
Starta i FMC der eg var 2 år. Jobbar no i Statoil.
Trur det er veldig smart å prøva litt anna før ein søker jobb i Statoil. Mange spennande selskap i oljeindustrien.
Mange meinar at Statoil er best - det er ikkje tilfelle. Det er alltid sunt å prøve litt forskjellig.
Dersom ein har erfaring frå andre selskap så stiller ein mykje sterkare enn om ein kjem rett frå skule.
Er ein stor fordel å ha jobba litt forskjellige plassar og fått litt "hands-on".
Fagbrev i bunnen er alltid bra. Avdelinga mi ansetter ikkje folk med teknisk fagskule. Ingeniør er minimum.
Lykke til
Jørn