Eg har leika litt med tanken på og kvitte meg med brorparten av mine klokker, som er relativt rimelige ur (i den absurde klokkeverden), klokker som koster mellom 5 og 23 000. Eg koser meg med å kunne variere fra dag til dag, men eg har grubla litt på tanken om å redusere til 3 klokker totalt. Då vil eg beholde ein Certina ds2 som ein skikkelig beater, og ein orient star som dressklokke. Dei andre klokkene selgast og blir erstatta av ei klokke som blir den primære klokka til daglig bruk.
Den må vere ca 40/41mm, på lenke, 20 atm og ha dato. Eg kunne prioritert å kjøpe meg ein Omega seamaster eller likande, men for ein småbarnsfar med normal inntekt, er det vanskelig å forsvare ei slik prioritering. Ein annan ting er at eg veit at ei såpass kostbar klokke ville ført til at eg vart redd for å bruke den til kvardags, i frykt for å ødelegge den.
Historie og status, er ikkje noko eg vektlegger i ei klokke. Men eg skal ha kvalitetsfølelse og den skal ha proporsjoner og utsjånad som tiltaler meg. Eg synes dei nye Bruvik svalbard blue stream/wave er perverst flotte klokker, der stemmer absolutt alt for meg, perfekte proporsjoner, nydelige urskiver og flotte visere - sistnevnte "ødlegger" mange alternativer for meg, fordi hvis viserene er butte/tverre osv, ødelegger det heile inntrykket for meg. Men desverre, kjem ikkje desse Bruvik modellane med dato - som eg synes er fryktelig synd!
Er der andre gode alternativer på markedet, som er mogleg å finne for mellom 15 000 og 30 000, som er i samme sjanger som Bruvik svalbard? Eg ønsker ikkje å kjøpe brukt, men kan ha is i magen og vente på eit godt tilbud.