Eg er i tenkeboksen. Vurderer å spare til eit dress-ur i gull av det meir eksklusive slaget. Tenkjer PP, AP, VC eller JLC. Det betyr ingen andre klokkekjøp på minst to år. Imidlertid ikler eg meg dress berre ei handfull gonger i løpet av eit år, så tenkjer at det kanskje er betre å leggje pengane i klokker eg har oftare glede av. Og eg har ein vintage Omega Constellation i gull som eg har arva, samt ein Frederique Constant som er gullbelagt. Dei dekker bruksområdet pendress på ein grei måte, men er jo langt frå ein Calatrava.
Alternativet er raskare tilfredsstillelse i form av meir stål
Går som regel med skjorte på jobben, og min JLC MUT Moon i stål har vorte klokka eg brukar til dagen. Synest det er greitt å bruke noko som osar kvalitet og stil, men samstundes er nokolunde nøkternt i uttrykket. Veldig fornøgd med JLCen, men kunne tenkje meg ei pen og elegant stålklokke til, som eg kan bruke i rotasjon til jobbantrekket. Kan vere at det vert ein JLC til
Og så klarar eg ikkje å la vere å kikke på Panerai
Har aldri hatt ei på armen, men dei ser jo rå ut. Ein kollega på gamlejobben gjekk med Panerai til dagen, og eg var ganske betatt av den. Siklar på PAM 562. Likar at den har krone og urskive som er umiskjenneleg Panerai, samstundes som titankassen gjer at den skiller seg litt ut. Bærekomforten er vel også kanskje noko betre med titan enn stål, spesielt på ei såpass solid klokke. Skulle passe fint inn i boksen saman med min Omega PO Chronograph og Explorer II Polar.
Vis vedlegg 71909